Gå til sidens hovedinnhold

Mann frå Sunnfjord vann ein million i superlotto

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag kveld enda Supertrekning-potten på 35 millionar kroner. Dermed fekk 35 ekstra lottovinnarar telefon frå Norsk Tipping denne kvelden. Dei 35 personane vann ein million kvar.

Ein av vinnarane er frå Sunnfjord.

Såg fotball då telefonen kom

Mannen i 80-åra såg på ein fotballkamp på TV då han fekk telefon frå Hamar.

– Du har vunne ein million i Supertrekning i Lotto. Gratulerer, sa stemma i telefonen.

– Ikkje sei det, svarte mannen på sunnfjordsk vis. Og heldt fram:

– Etter så mange år som trufast Lotto-spelar er det ein veldig kjekk beskjed.

Han la til at kan kryssar fingrane for at fotballkampen på tv også går i hans favør.

Om laget han heia på vann, veit ikkje Norsk Tipping.

Det dei veit er at kupongen mannen vann på er kjøpt hos Intersport Erdal i Førde.

Kommentarer til denne saken