– Oj. Hei du, seier mannen frå Luster då Norsk Tipping ringde han laurdag kveld.
Mannen ønsker å vere anonym.
Laurdag kveld var det klart for årets fjerde Gulltrekning i Lotto. Førstepremiepotten var på ca. 30 millionar kroner. Det var tre heldige vinnarar som hadde sju rette og vann 9 992 345 kroner kvar, ein av dei ein mann i 50-åra frå Luster.
Fekk ikkje med seg trekninga
Til Norsk Tipping fortel manne at han ikkje hadde sett trekninga på TV eller fått med seg at han hadde vunne i Lotto.
– Det er heilt utruleg. Eg veit ikkje kva eg tenker, seier han, som legg til at han både er glad, sett ut og skjelven.
Kva han skal bruke pengane på har han ikkje fått tid til å tenke over.
– Eg har nokre kroner å rutte med, seier han og ler.
– Må fortelje det til kona
Mannen frå Luster har spelt Lotto i mange år, men dette er første gong han vinn ein så stor sum.
– Dette må eg fortelje til kona. Ho trur sikkert eg berre har vunne 10.000, ikkje nesten 10 millionar.
Kupongen var kjøpt på mobil.
Dei to andre som delte premien med mannen frå Luster var ein mann i 60-åra frå Sarpsborg og ein mann i 70-åra frå Lillestrøm.