Gå til sidens hovedinnhold

Mann fall over bord frå yrkesbåt i Florø

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet melder at ein mann fall over bord frå ein båt i Florø klokka 22.12 fredag kveld.

Mannen skal ha drive med arbeid på dekk då han fall over bord frå ein yrkesbåt i næringsverksemd. Mannskapet på båten greidde å få han opp av vatnet.

Då hadde han vore i vatnet mellom 5 og 10 minutt og var kraftig nedkjølt, men bevisst.

Politiet melder at han vart køyrt til sjukehus for oppvarming og vidare behandling. Mannen sin tilstand no er ukjent, og det er ikkkje kjent kor langt frå land hendinga skjedde.

Politiet i Florø har oppretta sak på forholdet.

Kommentarer til denne saken