Natt til fredag rykte politiet ut med store ressursar til ei privat adresse i Hyllestad. Ein mann i 60 åra vart pågripen, og pågripinga skal ha gått føre seg utan dramatikk. Mannen er sikta for brot på besøksforbod og forsøk på grov kroppsskade, skriv politiet i ei pressemelding.
Politiet var væpna, og dei blei også nytta mannskap frå nasjonale beredskapsressursar.
Det var under aksjonen ikkje grunn til bekymring for omgivnadane, og aksjonen gjekk føre seg berre på ei konkret adresse, skriv politiet i pressemeldinga.
Hendingane mannen er sikta for skal ha skjedd 29. desember. Politiet skriv at dei fornærma blir tatt vare på og er fysisk uskadd.
Saka vil bli etterforska av Sunnfjord politistasjonsdistrikt.