Mann (60) omkom etter at båt gjekk på grunn – no er namnet frigjeve

OMKOM: Namnet på mannen som omkom ved Årebrot i Kinn kommune er frigjeve i samråd med politiet. Bildet er frå leiteaksjonen.

OMKOM: Namnet på mannen som omkom ved Årebrot i Kinn kommune er frigjeve i samråd med politiet. Bildet er frå leiteaksjonen. Foto:

Det var 60 år gamle Torleif Olav Døskeland frå Florø som omkom lørdag 30. mai, melder politiet.

DEL

I samråd med familien gjekk politiet onsdag ettermiddag ut med namnet på 60-åringen som omkom etter at ein båt gjekk på land 30. mai.

Ein leiteaksjon vart sett i gang etter at det vart meldt at ein båt hadde gått på grunn ved Krespinusholmen ved Årebrot i Kinn kommune. Redningsmannskap vart då sendt til staden med ein gong, og ein 60-åring vart funnen i sjøen av redningsmannskap.

Dette var Torleif Olav Døskeland frå Florø, busett på Frekhaug.

Han vart erklært død av lege på staden. Seinare same kveld melde politiet at mannen var død.

Artikkeltags