Gå til sidens hovedinnhold

Mann (30) køyrde i fylla

Fyllakøyringa fekk ein brå stogg på ferjekaia. No må han klare seg utan lappen.

Køyreturen laurdag natt blir den siste på lang tid for 30-åringen i Sogn, som blei stogga av politiet klokka 23.08 på Vangsnes ferjekai i Vik kommune.

Mannen blei hanka inn av politiet etter mistanke om køyring med promille.

– Han blei teken med til legevakta i Sogndal for promilletest, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest Politidistrikt.

Der blei det utslag.

– Han var rusa. Politiet har kverrsett førarkortet til mannen, som no er sikta for køyring i alkoholpåverka tilstand, seier operasjonsleiaren.

Mannen var ifølge politiet åleine i bilen då fyllekøyringa fann stad.