Gå til sidens hovedinnhold

Manglar midlar til gruveprosjekt i Engebøfjellet

Artikkelen er over 1 år gammel

Nordic Mining har fått ja til gruvedrift i Engebøfjellet. Selskapet jaktar no investeringsmidlar på tre milliardar kroner.

– Sjølv om prosjektet ikkje er veldig stort samanlikna med oljeindustri, treng vi internasjonal finansiering for å få det på plass, seier direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, til NRK.

Gruveprosjektet i Naustdal har skapt sterk motstand blant miljøaktivistar fordi det medfører dumping av 140 millionar kubikkmeter restmasse i Førdefjorden.

Nordic Mining skal vinne ut både rutil og granat i fjellet. Rutil vert mellom anna brukt til utvinning av porselensfargar og titanmetall, medan granat til dømes blir brukt i slipeutstyr.

Les også

Konkurrent kallar Engebøløyvet «myndigheitsmisbruk»

Les også

Etter 13 år er driftsløyvet på plass

Les også

Børsfall gjer at Nordic Mining trekker tilbod om 10 millionar aksjar

Kommentarer til denne saken