I dag har eg vore i skogen og henta inn granbar, kongler og mose. Til helga er det første søndag i advent og eg førebur meg litt kvar dag, gler meg over lysa som kjem fram i mørkre og eg kjenner på ei takksemd for at eg har eit varmt hus som held kulda ute. Eg må vente litt med å ta fram stallen med Josef, Maria og Jesusbarnet. Julebodskapen er kjærleik og vi er så glade for at Jesus og foreldra fekk halde varmen saman med dyra i stallen. For meg gir det håp om ei varmare verd med nestekjærleik og plass til alle.

For å halde meg litt oppdatert klikkar eg meg inn på Firda og les oppmodinga frå politiet, ved Dag Fiske, om at vi må låse dører og buer og andre rom tilknytt hus. Ein heimlaus er i området vårt, enn så lenge harmlaus, men vi kan jo ikkje vite. Vi blir utrygge, på vakt og lar frykta styre oss. Eg veit ikkje om vi har eit herberge for heimlause i Sunnfjord, men truleg ikkje sidan han har gått ute i to veker. Han går inn stader som er opne for å få seg litt søvn og forhåpentligvis litt varme. Det ville eg og gjort om eg var heimlaus og ikkje kjende nokon som hadde ei seng til meg.

Kanskje det er eg som ikkje forstår. Kanskje har mannen fått eit tilbod om ein stad å vere til saka hans er handsama, men ikkje teke imot. Kanskje ein må vere flyktning i ei mediedekt sak for å få bli teken imot av oss. Eg kjenner vandrarar som går ute i gatene nattestid. Eg håper det er trygt for dei der ute. Dei må tole så mykje krenkande kommentarar, stygge blikk og verdien av det å vere eit menneske som fell utanom normen kjennest svært låg.

Vi snakkar mykje om å skape inkluderande fellesskap. Eg trur vi alle må begynne med oss sjølv om vi skal få til endringar i fellesskapstenkinga vår. Eg håpar og trur at denne heimlause mannen vil finne ein stall i natt, kanskje litt graut som er sett ut til nissen og ei stjerne som lyser opp og gir han håp i mørkret.