Mangla vognkortet då han vart stoppa i kontroll, men det var ikkje det einaste

Vogntogsjåføren måtte også finne seg i eit bruksforbod og mangellappar for ikkje-fungerande lys.

DEL

Det var under ein kontroll på rv. 5 Svarthumle onsdag at vogntoget vart stoppa.

Kontrollørane i Statens vegvesen starta med å gi føraren 500 kroner i bot for å mangle vognkort, men delte også ut eit bruksforbod sidan det mangla dokumentasjon for råderett over trekkvogna. Når også lysutstyret ikkje verka som det skulle, kom det også mangellappar.

Totalt seks tungbilar og tre lette køyretøy vart kontrollerte i kontrollen. I tillegg til det dei fann på vogntoget vart ein semitilhengar avskilta grunna manglande periodisk køyretøykontroll.

Alle dei tre stansa personbilane i kontrollen fekk pålegg om utbetring av lysfeil, og eit vogntog fekk bruksforbod grunna for dårleg sikra last.

Artikkeltags