Mangla bombrikke – må punge ut 8000 kr

Fleire sjåførar måtte punge tysdag kveld. Ein av dei fekk gebyr på nær 20.000 kr.

DEL

Ein norsk vogntogsjåfør fekk eit saftig gebyr på 19.400 kr tysdag kveld på Håbakken i Lærdal.

Årsaka var at sjåføren nytta vogntoget feil og køyrde med overlasta akslingar. Ein av desse akslingane var løfta opp i lufta, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Men det var fleire som fekk problem under kontrollen til Statens vegvesen ved Håbakken: Ein førar i eit norsk vogntog blei meld for brot på køyre- og kviletida. Han hadde fleire brot på døgnkvila i kontrollperioden. Han fekk også 500 kr i trafikkgebyr for manglande vognkort.

Under ein kontroll ved Lefdal same kveld, fekk ein lastebileigar 8000 kr i gebyr fordi han ikkje hadde bombrikke i bilen. To andre fekk skriftleg åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida. Vegvesenet bad ein sjåfør fjerne gjenstandar i frontruta før han køyrde vidare, medan to til måtte sikre lasta betre før dei fekk reise.

Artikkeltags