– Ifølge NAVs bedriftsundersøking frå våren 2022 manglar det 1600 programvareutviklarar i Norge. Det er ganske mange, seier Kathe Arnesen.
Ho jobbar for Sunnfjord Utvikling, der ho er prosjektleiar for Rekrutteringsforum Sunnfjord og jobbar med å skaffe rett kompetanse til næringslivet og det offentlege i Sunnfjord.
Då ho starta i jobben i desember 2020 starta ho å undersøke kvar skoen trykker i kommunen. Svaret ho fekk var at det var stor mangel på arbeidskraft innanfor dei fleste bransjar, og ekstra krevjande når det gjeld bestemde yrker.
– Vi såg då at det var stor mangel på fagarbeidarar med fagbrev, og på ingeniørar. Og så manglar vi mange personar innan IT, fortel Arnesen.
Årleg 30 nye utviklarar
For å prøve å løyse denne utfordringa jobbar no Rekrutteringsforum Sunnfjord med å få til ei komprimert IT-opplæring.
– Vi ønsker å få til eit tre månadars intensivkurs med innhald som er i samsvar med det næringslivet treng, der dei som er ferdige på kurset har fått kunnskapar som gir dei moglegheit til å få jobb som juniorutviklar i ei bedrift, seier ho.
Det at kurset er på tre månadar gjer at dei kan ha det fleire stader i fylket i løpet av ein 12 månaders periode.
– Planen er å ta inn ti personar til kvart kull, og vi har då moglegheit til å fullføre tre slike kurs i løpet av eit år. Då vil vi årleg få 30 nye juniorutviklarar i Vestland som seinare kan spesialisere seg eller gå vidare til høgare IT-utdanningar seinare, dette kan bidra med å få ned mangelen på IT-kompetanse både på kort sikt og i åra som kjem. Vi ønsker også å flytte kurset rundt om i fylket, slik at ein ikkje er avhengig av til dømes å bu i Førde, flytte hit eller pendle hit for å kunne vere med på dette, seier Arnesen.
I starfasen
Arnesen fortel at prosjektet er i startfasen og det er ein del dei må få på plass før dei kan starte.
– Dette er eit relativt stort prosjekt, og vi har sett saman ein arbeidsgruppe som skal jobbe vidare med dette. Vi satsar på at vi kan søke om midlar i løpet av våren. Og vi høyrer gjerne frå bedrifter som ser at dei treng IT-kompetanse i åra som kjem og vil vere ein del av prosjektet.
Når kurset startar er enno ikkje sett.
– Kan hende vi klarar eit kurs på slutten av 2023, om ikkje det blir det nok tidleg i 2024, seier ho.

Anders (20) fekk arbeidserfaring alt første studieåret: – Godt tilbod

Håkon går frå ein ambassadejobb til ein annan. No er han i Budapest
