Mange vg-lærarar må møte på skulane. – Dette blir heilt feil, meiner tillitsvald

Lærarane ved dei vidaregåande skulane i Vestland har fått beskjed om å møte på jobb på skulane sine måndag og tysdag. – Uheldig, og eit dårleg signal, meiner Steinar Strømsli. Fylkesdirektøren seier lærarane kan halde seg heime viss dei har lært seg verktøya for fjernundervising.