Mange lèt seg lure av koronarelaterte svindel-e-postar

Av

E-post relatert til koronaviruset utgjorde halvparten av svindel-postane som folk klikka seg inn på i tredje kvartal, viser ei ny undersøking.

DEL

IT-selskapet Knowbe4 åtvarar no mot slike e-postar og ber folk vere ekstra skeptiske viss det står «COVID-19» eller «koronaviruset» i emnefeltet i ein e-post.

Også i andre kvartal dominerte dei koronarelaterte svindel-e-postane, ifølgje IT-selskapet.

– I pandemien har vi sett at hackarar utnyttar folks svakheiter ved å sende meldingar som skaper frykt, uvisse og tvil. Rapporten vår for tredje kvartal stadfestar at koronavirus-relaterte e-postar framleis er den mest lovande angrepsmåten for svindlarar, seier Kai Roer, dagleg leiar i CLTRe, forskingssenteret til KnowBe4.

IT-selskapet har undersøkt titusenvis av phishing-e-postar sende ut som del av eit opplæringsprogram og sett på kva flest mottakarar går på. Oversikta for tredje kvartal viser at halvparten av e-postane som flest klikka på, hadde eit koronavirus-relatert bodskap i emnefeltet.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken