– Vi har ikkje informasjon på at det ikkje er trygt å opne heile barnetrinnet, men vi har tilrådingar som peikar på moglegheita for ei trinnvis opning for å gjere det tryggare og ikkje minst gjer det enklare for skular og kommunen å førebu opninga, seier helseminister Bent Høie til NRK.

12. mars vart alle skulane og barnehagane i landet stengde. Barnehagane opnar att 20. april, medan 1. til 4. trinn på barneskulane blir opna 27. april. Regjeringa følgde dermed ikkje rådet frå ei samstemd ekspertgruppe om å opne heile barnetrinnet samtidig.

Ekspertgruppe

Høie viser til at ekspertgruppa òg peika på moglegheita for modellen som regjeringa valde, der dei startar med å opne skulane for dei yngste elevane.

Barneombod Inga Bejer Engh meiner at regjeringa ikkje har kome med ei god nok grunngiving for kvifor dei ikkje opnar skulen til og med 7. trinn.

– Når ekspertutvalet og Helsedirektoratet har sagt at det i utgangspunktet er trygt å opne heile barnetrinnet, så hadde eg rekna med at regjeringa følgde det, og viss dei ikkje følgde det, at dei gav ei god grunngiving, seier ho til NRK.

Uroa

– Eg er uroa for at regjeringa har vurdert heilskapen annleis enn helsestyresmaktene, seier Engh.

Høie kan førebels ikkje seie noko om når dei eldre elevane kan kome tilbake på skulen, men seier at det mellom anna avheng av at smittespreiinga blir halden nede.

– Målet er at alle elevane skal vere tilbake på skulen før sommaren, seier han.