Drikk mykje vatn og litt mindre alkohol, rår festivalsjefen

Malakoff 2016 TAGS: Scene, stemning, festival, konsert, ARTIST: Sivert Høyem

Malakoff 2016 TAGS: Scene, stemning, festival, konsert, ARTIST: Sivert Høyem Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

MALAKOFF: Arnt-Ivar Naustdal meiner at ungdommane på Malakoff oppfører seg minst like bra som dei vaksne. Likevel er det viktig å passe på kvarandre.

DEL

Med 25 grader i lufta og lange festival-dagar i vente anbefaler Malakoff-sjefen å drikke litt meir vatn og litt mindre av andre ting.

– Det er veldig herleg og varmt vêr her på Eid, men det betyr også at det er viktig å halde kroppen hydrert, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Til å vere ein festival med 5000 ungdommar som teltar i camp saman synest han det går roleg for seg.

– Ungdommane er flinke, minst like flinke som dei vaksne. 99 prosent av dei oppfører seg eksemplarisk. Likevel er det alltid nokon som treng hjelp, og der er kameratane kanskje dei viktigaste støttespelarane våre.

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal melder fint vær heile festival-helga.

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal melder fint vær heile festival-helga. Foto:

Derfor anbefaler han spesielt unge festivalgåarar å halde saman med nokon dei kjenner, og å alltid seie ifrå om kor dei drar.

– Dersom det skulle vere nødvendig er det nok av festivalvakter, politi, Røde Kors og innleigde vakter på staden. Det er viktig å ta vare på kvarandre og å passe på, men også å ta kontakt dersom det vert nødvendig å få hjelp.

Viktig med godt humør

Politiet sin innsatsleiar under Malakoff, Roger Gundersen meiner det er sjeldan dei opplever problematiske situasjonar som konsekvens av for mykje alkohol. – Det er jo forskjellig kor lenge folk er på festivalen. Men det kan vere lurt å tenke at ein ikkje treng å køyre fullt ut på første dagen. Det viktigaste er å vere i godt humør, drikke nok vatn og ikkje ha det for travelt.

Når det går mot kveld anbefaler han å halde seg til sitt eige telt, med tanke på dei som er slitne og har lyst å ta det med ro.

Stemningsbilde Malakoff 2016 Camp Formiddag, Nordfjoreid, Festival

Stemningsbilde Malakoff 2016 Camp Formiddag, Nordfjoreid, Festival Foto:

– Det roar seg automatisk ut på natta, og det er vakter på campen til ei kvar tid. Og dersom det er foreldre som er bekymra og har lyst å sjå korleis det går med barna deira så har dei moglegheit til det.

Legg mobilen i pose

Tjuveri på campen er ikkje eit problem han kjenner til.

– Med mange folk på campen er det nok eit større problem at folk mister eller gløymer igjen ting. Uansett er det lurt å ikkje ha med seg verdisaker. Dersom det begynner å regne kan det for eksempel vere lurt å legge telefonen i ein plastpose.

Vi kjem truleg heller ikkje til å høyre om folk som vert trampa ned av festivalpublikum.

– Området er ikkje så veldig stort, så vi har god kontroll på folkemengda og gjer tiltak dersom det er naudsynt. Under nokre meir rocka konsertar ser vi at publikum beveger seg ein del, og då kan det vere greitt for dei minste å trekke litt lengre bak. Elles skal det gå heilt fint.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken