Makrellstørje torpederte laksemerd

Makrellstørja vog 234 kilo.

Makrellstørja vog 234 kilo. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Ei 243 kilos makrellstørje braste rett gjennom ei laksemerd natt til i går.

DEL

- Makrellstørje kan vere verd veldig mykje, men akkurat denne fisken er verdilaus,  seier styreformann Frode Kupen på "Skulebas", som tok hand om makrellstørja.

- Det er selt makrellstørjer frå Island til Japan for litt over 600 koner kiloen i år, men fisken må handsamast heilt korrekt om den skal vere salgsvare, seier Kupen.

Skadd i merda

- Akkurat denne fisken vart fanga inne i laksemerda av mannskap på lakseoppdrettet, og då den kom på land var den så skadd at den egna seg ikkje som salgsvare, seier Kupen.

Men det er ikkje elevane ved Måløy vgs. det minste lei seg for. Dermed får dei nemleg sjansen til å øve på å slakte kjempefisken etter alle kunstens reglar.

- Det er faktisk ganske vanskeleg, og det er mange kompliserte prosedyrer med fleire spesialverktøy involvert.

- Kor vanskeleg kan det være? Er det ikkje berre å sprette opp buken og få ut sloget?

- Nei. Kupen må le ved tanken.

Streng gjennom ryggmargen

- Til dømes er ei av utfordringane er at makrellstørja er ein vekselvarm fisk. Den er både kaldblodig og varmblodig. Det er noko av grunnen til at den er ein så ekstremt rask og aggressiv jeger. Når ein fisk på 250 kilo kan komme opp i 50 km/t, då er det store krefter i spel.

- Så når fisken blir landa, må ein føre ein streng gjennom hjernen, bakover gjennom heile ryggmargen og heilt bak til sporden. Det høyrest ekstremt ut, men berre på denne måten kan ein få sett ut av spel alle dei funksjonar som varmar opp fisken. Gjer ein ikkje dette, vil skrotten bli varma opp frå innsida og nokså fort bli bederva, seier Kupen.

Då fisken var komen på land, vart Skulebas nokså fort varsla, og fisken lagt på kjlølerommet dei disponerer. No skal elevane øve seg.

Forsøksfangst

«Skulebas»  er opplæringsfartøyet for marine og mariitime fag i Sogn og Fjordane, og er lokalisert på Måløy vgs. Båten er ein av to båtar som har fått konsesjon på forsøksfangst av makrellstørje.

- Det har ikkje vore fiska etter makrellstørje i Norge sidan tidleg på 80-talet, og no ønsker styresmaktene å fiunne ut om det finst ein drivverdig forekomst i havområda våre, seier Kupen.

- Men Tore Hillersøy i Bulandet prøvde i åtte veker i fjor, utan å få så mykje som ei flis. Kvifor skulle de klare det?

- Han fiska jo med not, og då er du avhengiog av å faktisk finne fisken og sjå den, og det er ikkje så lett. Vi fiskar med line, det blir litt meir i blinde, men vi får no sjå.

Førebels har dei ikkje fått ei einaste makrellstørje.

Aggressiv jeger

- Vi har vore mykje ute og sett etter dei, og ikkje sett nokon ting.

- Kan ein sjå dei, altså?

- Ja, makrellstørje er som eg sa ein svært aggressiv fisk, den jagar like under havoverflata i veldig stort fart, og av og til bryt den vassflata. Mange ser dei faktisk i lause lufta. Men no virkar det som det er eit innsig på gang. Deti siste dagane er det fleire som har sett makrellstørje, og det er fanga to stykker som bifangst i fiske etter hestmakrell, seier Kupen.