Gå til sidens hovedinnhold

Mai-Kristin og Eli Britt satsa på LAN – det gav UKM-pris

Artikkelen er over 1 år gammel

UKM Norge deler i år ut Turboprisen til Sunnfjord kommune for arbeidet deira med UKM – og for å inkludere LAN som ein ny type aktivitet i UKM-programmet.

Turboprisen er på 5000 kroner og skal nyttast til videre arbeid med Ung Kultur Møtest (UKM). UKM Norge deler ut prisen for å motivere til auka innsats i rekrutteringsarbeidet i kommunane, og for å gjere stas på dei som har gjort noko ekstra det siste året. Det blir delt ut ein turbopris i Vestland i år, skriv Vestland fylkeskommune på sine nettsider.

Har gjort UKM meir relevant

Sunnfjord kommune inkluderte LAN i UKM-programmet i 2020 for å leggje til rette for auka rekruttering. Det har gjort UKM meir relevant, og deltakarane får fleire aktivitetar å velje mellom.

– Kommunen har skapt engasjement og betre forankring hjå ei viktig målgruppe for UKM, ei gruppe som kanskje ikkje heilt har funne sin plass i UKM tidlegare. Eit breitt samarbeid med både gamingmiljøet, grunnskular og folkehøgskule har også bidrege til at Sunnfjord blir årets turbokommune i Vestland. Vi gratulerer med prisen og ønskjer lukke til vidare, seier Simen L. Krogstie, som er fylkeskontakt for UKM i Vestland.

LAN løfta arrangementet

Marknadskonsulent i Sunnfjord kommune, Mai-Kristin Tidemansen og Eli Britt Danielsen, som er ungdomskoordinator i Sunnfjord kommune, fortel at dei ønskte å gjere årets UKM til ein felles kulturarena for ungdomar i den nye kommunen.

Kommunane Førde, Naustdal, Gaular og Jølster vart til Sunnfjord 1. januar 2020. Kommunen starta rekrutteringsarbeidet hausten 2019, med god hjelp av tiandeklassingane ved sal og scene på Førde ungdomsskule.

– Det er stor stas at Sunnfjord kommune vart årets turbokommune, særleg fordi ungdomane våre har vore så involverte i alle delar av dette arrangementet. Elevane laga filmar som vi kunne dele på Snap, Instagram og Facebook, og dei gjorde ein stor innsats med rekruttering på både eigen og andre skular. Sal og scene-elevane var med som unge arrangørar under lokalmønstringa og bidrog som konferansierar, scenearbeidarar, i sekretariat og med kjekke aktivitetar i ventetida backstage, seier Danielsen.

Ung kultur møttest

70 ungdomar deltok på LAN-et, som varde frå fredag til laurdag. Det var konkurransar, events og turneringar gjennom heile natta, og dei ulike finalane gjekk føre seg på ei scene bygd for anledninga. Alle som deltok på dei ulike konkurransane blei fordelte på tilfeldige lag, og dei visste ikkje kven dei var på lag med før dei kom opp på scena.

– Ved å arrangere LAN på lokalmønstringa rekrutterte vi fleire ungdomar som bidrog positivt til at vi fekk eit flott arrangement, der ung kultur møttest. LAN-et var i same rom som backstage, og deltakarane var altså saman med dei andre deltakarane som hadde meldt seg på UKM med sceneinnslag og kunst. Dei som var med på LAN-et var òg publikum under sceneinnslaga. Dei løfta heile arrangementet ved å vere eit supert publikum, seier Mai-Kristin Tidemansen.

Kommunen har samarbeidd med gaming-miljøet i kommunen, Halbrend barne- og ungdomsskule og e-sportlinja ved Sunnfjord folkehøgskule om LAN-et.

Kommentarer til denne saken