Fylkesveg 614 vart torsdag ettermiddag stengt i eit avgrensa tidsrom, etter at ein bilist var uheldig og punkterte. Det melder Vegrafikksentralen Vest klokka 17.08 torsdag ettermiddag.

Dei varsla også at stenginga truleg ville bli kortvarig, og kun så lenge som føraren trong på å få skifta til reservedekk.

Det synte seg å vere rett, og sjåføren var rask på labben. Klokka 17.11 vart tunnelen meldt opna att for trafikk.