Må kutte ekstrabussane. Dei eldste elevane kan få endå mindre skule

Fylkeskommunen har sagt nei til å betale for ekstrabussane som Sunnfjord kommune har sett opp. Det betyr at kommunen må finne andre løysingar. Dette kan føre til endå meir heimeskule dei siste vekene før sommaren.