Må kanskje leie Sogndal – Bakke sit fast i Syden

TOK OVER RORET: Eirik Bakke sit fast på Gran Canaria grunna sandstormen som gir flyproblem. Dermed er det Rune Bolseth som no leiar Sogndal.

TOK OVER RORET: Eirik Bakke sit fast på Gran Canaria grunna sandstormen som gir flyproblem. Dermed er det Rune Bolseth som no leiar Sogndal. Foto:

Under måndagens Sogndal-trening var det ei synleg mangelvare i trenarapparatet. Hovudtrenar Eirik Bakke er nemleg fast på Gran Canaria, grunna sandstormen som hindrar flytrafikken i landet.

DEL

– Ja, no er det vi som tek over her litt. Så får vi tru at Eirik er snart tilbake. Han er på Gran Canaria og kjem seg ikkje derifrå. Det er no sånn det er. Han kjem når han får lov å komme heim, seier assistenttrenar Rune Bolseth i eit intervju på Sogndal sine Facebook-sider.

I Bakke sitt fråvær var det naturleg nok han som leia Sogndal-treninga.

Leiar truleg laget onsdag

Og med hovudtrenaren flyfast i Syden, er det også ein viss sjanse for at det blir Bolseth som leiar laget i onsdagens treningskamp mot Flora Tallinn i Estland. Eit lag som Sogndal også møtte i fjor på Fosshaugane. Då vann estlendarane 2–0.

– Vi reiser til Tallinn i morgon tidleg, og spelar på onsdag. Det blir godt å få ein kamp att. Det er ei stund sidan vi møtte Tromsø, så det blir bra å få spelt kamp att og øvd vidare på korleis vi ønsker å stå fram, seier Bolseth, som siktar til førre treningskamp, som var 2-0-sigeren over Tromsø på Lan Manga 8. februar.

Han synest spelarane ser bra ut i oppkøyringa til kampen.

– Eg synest det har vore veldig bra. Dei ser pigge ut, og har fått samla overskot no i friperioden. Vi har hatt bra dagar, har fått jobba vidare med spelet vårt, og eg håpar å sjå det att på onsdag, seier Bolseth i intervjuet.

Flora borte, Florø heime

Men kampen mot Flora i Estland er ikkje Sogndal sin einaste treningskamp denne onsdagen. Same dag møter dei også Florø på norsk jord.

– Vi stiller to troppar. To litt mindre troppar, slik at det skal bli mykje speletid på alle. Vi hadde 45 minutt no siste, no utvidar vi, seier Bolseth.

Så står det att å sjå om Bakke blir å finne i Tallinn eller i Sogndal på onsdag. Eller om han framleis er fast i Syden.

Artikkeltags