Det er no gått seks år sidan Hyllestad kommune oppdaga at Kerstin og Carsten Lippold hadde bygd om og oppgradert eit naust med kjøken, bad og innvendig trapp, og leigd det heile ut som hytte ved sjøen til turistar. Det vart også oppdaga ei ulovleg flytebrygge ved «hytta».

Varsla tvangsmulkt i april

26. april i år sende Hyllestad kommune varsel til Lippold-ekteparet om at det ville bli skrive ut tvangsmulkt for manglande tilbakeføring av naustet for perioden 10. august 2019 til 12. mars 2020. Tvangsmulkta er sett til 1200 kroner dagen, og for det aktuelle tidsrommet som går over 214 dagar blir totalsummen vel 256. 800 kroner.

Denne summen vart det sendt ut faktura for i april, med betalingsfrist 26. mai i år. I tillegg er det no sendt ut ein giro for perioden 21. mars 2018 til 24. juni 2018 som er på 96 dagar, fristen for å betale denne fakturaen er 20. oktober. Lippold-paret har ikkje betalt rekningane frå kommunen.

Ekteparet Lippold godtek ikkje krava.

I eit brev til Hyllestad kommune 15. juli i år hevdar advokaten deira at vedtaket om tvangsmulkt må opphevast, og at Lippold-paret må reknast å ha fått byggeløyve for naustet. Paret har klaga kommunen si handsaming av saka inn i Statsforvaltaren.

Firda har prøvd å kome i kontakt med Lippold-paret sin advokat, Matthias Wilding, utan å lukkast.

Statsforvaltaren støttar Hyllestad

Statsforvaltaren i Vestland har hatt ein grundig gjennomgang av saka. Konklusjonen er at Hylllestad kommune sitt vedtak ikkje er urimeleg, og avviser klagen frå paret.

Krava om tilbakeføring er:

- Fjerning av rominndeling i hovedetasje

- Fjerning av innvendig trapp

- Fjerning av kjøkkeninnreiing

- Fjerning av bad/WC

- Fjerning av varmtvassberedar

- Plombering av vass- og avløpsledningar

Einingsleiar for plan og utvikling i Hyllestad kommune, Gaute Lundeland, var ikkje tilgjengeleg for kommentar.