I november i fjor oppretta Høyanger kommune ei heilt ny kommunalsjefstilling. Denne var oppretta både med tanke på omorganisering, samt å vere ei stillng som gav ansvar for spennande og krevjande utviklingsprosjekt i kommunen.
Seks peronar melde si interesse, og av søkarlista er det ein av dei «konfidensielle» som no kjem fram i lyset. (Sjå søkarlista lenger nede i saka).
Den som fekk stillinga er Jan Kaare Hellevang. Han kjem frå stillinga som dagleg leiar i Credicare i Førde, ein leiarjobb han har hatt sidan mars 2021.
Den nye kommunlasjefen har befalsutdanning frå Forsvaret i bagasjen. Han er også utdanna bedriftsøkonom frå BI, og har bachelorgrad og mastergrad i økonomi og leiing. Han har også tittelen Executive Master of Management frå BI, skriv Høyanger kommune i ei pressemelding.
– Eg er nøgd med å få Jan Kaare med på laget i Høyanger kommune, seier kommunedirektør Ørjan Haram i pressemeldinga.
Han peikar på at hans nye kommunalsjef har mykje erfaring med leiing, noko som er nyttig når dei no skal bygge eit nytt kommunalområde i kommunen.
Her er søkarlista, no med Hellevang fylt inn:
Namn | Alder | Kjønn | Bustadkommune |
Stefan Fjeldsbø | 37 | Mann | Høyanger |
Anita Nordheim | 50 | Kvinne | Høyanger |
Synne Vefring | 39 | Kvinne | Høyanger |
Gudrun Kristin Fatland | 41 | Kvinne | Bergen |
Jan Kaare Hellevang | 59 | Mann | Sunnfjord |
Konfidensielt | Konfidensielt | Mann | Konfidensielt |

Høyanger jaktar på ein heilt ny type kommunalsjef

Her er søkarane til kommunalsjefstillinga i Høyanger

Bygda fekk akkurat nytt treningssenter. Sjå den nye ønskeskissa for Høyanger
