Gå til sidens hovedinnhold

Lynnedslag stengde tunnel på riksveg 5

Like etter klokka 07.00 slo lynet ned. Det skapte trøbbel for Sundafjelltunnelen på riksveg 5.

Like etter klokka 07.00 slo lynet ned og sette kraftlinjer ute av drift.

– Dette førte til at det blei eit styringsjokk. Alt dette førte til at til at Sundafjellstunnelen automatisk blei stengt, seier Ken Ove Holm hos vegtrafikksentralen.

Tunnelen ligg i Kinn kommune.

Hos vegtrafikksentralen kunne det først sjå ut som at tunnelen blei stengt fordi ein brannslukkar var fjerna. Dei måtte få avklart at det ikkje var ei hending på gang i tunnelen, før dei kunne opne den att.

– For kort tid sidan opna den att, seier Holm til Firda 07. 15 tysdag morgon.

Kommentarer til denne saken