Gå til sidens hovedinnhold

Lynnedslag starta grasbrann ved Storebru

Rett før klokka 16 fekk politiet melding om grasbrann nær Eikefjord i Kinn kommune.

Uvêrsskyene som ruvar over Sunnfjord søndag kveld har ført til hundrevis av lynnedslag på kort tid.

Klokka 15:46 fekk Vest politidistrikt melding om ein grasbrann i terrenget ved Endestadvegen ved Storebru i Kinn kommune. Eit lynnedslag skal ha vore årsaka.

– Det var eit område på fem gonger sju meter som brann. Det var i nærleiken av eit hus, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik til Firda.

Det var ein person som bur i området som melde frå om brannen.

– Personar på staden har sløkt brannen, seier Hausvik.

Meteorologisk institutt si varslingsteneste for lynnedslag i Norge, kan melde om over 700 lynnedslag i Sunnfjord og Nordfjord den siste timen.

Hausvik seier at fleire grasbrannar kan oppstå utover kvelden.

– Vi får krysse fingrane for at det ikkje blir så mykje av det.

Les også

Meteorologen åtvarar: – Hald deg inne i dag

Kommentarer til denne saken