110-sentralen Vest fekk klokka 20.46 onsdag melding om at det brann i gras og lyng inne på området til Elkem Bremanger i Svelgen.

Brannmannskap frå Svelgen og Bremanger rykte ut. Før dei kom på staden, hadde folk i nærleiken starta sløkking med vatn, fortel vaktkommandør Jostein Steinsland Hauge.

Litt over klokka 21.00 melde brannvesenet er at dei hadde god kontroll på brannen.

– Det er svært tørt der det brenn. No driv mannskapet å skumlegg ca. 100 til 200 kvadratmeter for å blautleggje området, seier Hauge.

Kva som starta brannen er førebels ikkje kjent. Det blir ei oppgåve for politiet å finne ut av, seier vaktkommandøren.