Lyngbrann i Eikefjord – brannvesenet har kontroll på brannen

DEL

Politiet melde klokka 14.14 om ein lyngbrann ved Holmesund i Eikefjord i Kinn kommune. Naudetatane er på veg til staden.

Brannen vart meldt ifrå om frå folk på staden og skal vere på eit par 100 kvadratmeter. Dei melder også at dei har kontroll på brannen.

Operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt fortel at det er hus i nærleiken.

– Men vi veit ikkje kor nær dei er brannen, seier han.

Klokka 14.46 melder politiet at brannvesenet er på staden og har kontroll på brannen. Brannen er slukt og brannvesenet driv på med ettersløkking av området.

– Årsaka til brannen er ikkje kjent, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Benedicte Svardal.

Firda oppdatere saka.

Artikkeltags