Lutelandet

Av
DEL

Meiningar

I dag durar lyden
av gravemaskiner,
Det skal ryddast plass
til svære vindturbinar
på over 200 meter..
Lutesåta, det høgste
lille fine fjellet her,
med sine 70 meter
blir kkje lengre det høgste punktet me ser..

Eg vil hugse
med glede
slik det var!
Eg må lære
og akseptere
slik det vil bli.
Vil det bli til glede...
Vil det bli til sorg...
Nokon meinar dette blir bra,
for kraft og rikdom
det må me jo ha...
Andre meinar dette blir gale
for folk, fugl og miljø,
vil dette bli ei skandale...

Uansett ulike meiningar,
lat oss trå og gå
fredeleg på
desse nye
vegar som
no blir laga..

Eg måtte forevige
landskapet
slik det er
i dag.
Det blir STORE inngrep,
urørt myr, knausar og berg
skal forvandlast til
breie vegar...

SÅ LAT OSS DÅ KREVJE Å FÅ,
Grusveg å gå på...
Asfaltstripe å trille på...
Benkar å sitte på...
Naturfine små bygg
for me treng ly
for regn og vind...
Utkikkspost,
utsmykka med
gode kikkertar
så me kan sjå
oljeplattformene
langt uti der...
Rasteplassar,
Fiskeplassar
og sjølvsagt
eit WC!
Klart det kan bli
fint å gå der...

MEN,
det er ikkje DET
dette handlar om...

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags