Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
At norsk vindkraft, og dermed norske naturlandskap, hamnar på utanlandske hender, er etter kvart velkjent. TV2 er mellom dei som har dokumentert dette godt. Ei NRK-nettside opplyste 12. juni 2019 at «16 av 18 nye vindkraftanlegg har utenlandske eiere».
På folkemøtet om vindkraft i Dale ungdomshus den 27.01.2020, uttala dagleg leiar for Lutelandet Energipark AS, Stig Svalheim, at Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) jobbar utifrå at kraftanlegget Lutelandet Energipark skal byggjast og drivast i SFE sin regi.
Vi tvilar ikkje på at SFE skal stå for bygging og byggjekostnad. Slik er det også med norske småkraftverk – dei har blitt bygde av norske selskap, men svært mange av dei har blitt selde til utanlandske eigarar. Kva skal få oss til å tru at eit eventuelt vindkraftverk på Lutelandet ikkje også hamnar i lomma på eit utanlandsk pensjonsfond si profittmaksimering?
Årsaka til utanlandsk kjøparinteresse, er at dei vil styrke si økonomiske avkastning gjennom investeringar i den norske evigvarande pengemaskina, som fornybar energi faktisk er. I tillegg vil dei smykke seg med det dei kallar grøne investeringar.
SFE har vist at dei ikkje eig skruplar, berre dei kan vise til godkjenning frå NVE: Godkjenning til å oversjå naturverdiane. Godkjenning til å ikkje lytte til miljøfaglege åtvaringar. Godkjenning til å påføre naboar støy og helserisiko med lågfrekvent lyd og verditap på eigedom. Godkjenning til å redusere dei private eigedomsverdiane i hytter og busetting rundt Lutelandet. Godkjenning til å sette omdømmet og attraktiviteten til Fjaler kommune på spel. Kvifor skulle SFE vise meir skruplar den dagen det kjem eit utanlandsk tilbod på kjøp av anlegget?
Kan SFE si leiing og styre gje skriftlege forsikringar i avisa om at vindkraftanlegget til Lutelandet Energipark AS, aldri vil hamne på utanlandske hender?
Uansett svar på dette viktige spørsmålet om eigarskap: Vi kan på ingen måte godta å ofre Lutelandet med alle sine konsekvensar for folk og miljø. Men det kan vere greitt for alle å sjå svart på kvitt om forsikringa frå SFE si leiing og styre om lokalt eigarskap gjeld for all framtid.