Fv. 331 i Luster stengt grunna steinras – blir ikkje opna att før tidlegast måndag

Lokal ferje skal bli sett inn i løpet av laurdagen.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melde laurdag klokka 12.26 om eit steinras på fv. 331 i Luster.

Steinraset gjekk ved Kvita Skredatunnelen, og ein geolog vart sendt til staden. Første vurdering kom klokka 17, og etter geologens vurdering er det no klart at vegen vil bli stengt til over helga.

Vegtrafikksentralen melder at lokal ferje vil bli sett inn i løpet av laurdag ettermiddag/kveld.

Ny vurdering av vegen skal bli gjort måndag klokka 15.00.

Artikkeltags