12 til 15 personar i Luster er isolerte og manglar straum

LUSTER: Kommunen har evakuert to grender på grunn av flaumen.

DEL

Dei to grendene fremst i Fortunsdalen i Luster er evakuerte, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen til Sogn Avis. I tillegg er 12-15 personar som bur fremst i Mørkridsdalen isolerte, utan samband og straum.

Grunnen til evakueringa er Hydro sine prognosar om at Fortundalsevla kjem til halde fram med å stige.

– Hydro har gjort det dei kan for å halda nivået nede, men problemet er at dammane ikkje held unna meir, seier Kvalen til Sogn Avis.

Firda har ikkje lukkast å nå ordføraren, som i skrivande stund er ute på synfaring.

Til NRK Sogn og Fjordane seier han at kommunen er i beredskap og i tett dialog med politiet og NVE.

– Det som no blir spanande er korleis det utviklar seg ut over natta seier Kvalen til NRK.

Artikkeltags