Fryktar dårlegare flytilbod i distrikta

TILBOD: Rutetilbodet kan bli redusert når no fylka skal overta ansvaret for dei ikkje-lønsame flyrutene, fryktar tidlegare Avinor-toppsjef.

TILBOD: Rutetilbodet kan bli redusert når no fylka skal overta ansvaret for dei ikkje-lønsame flyrutene, fryktar tidlegare Avinor-toppsjef. Foto:

Av

Svekt flytilbod for folk i grisgrendte strøk kan bli eit resultat når ansvaret for ikkje-lønsame flyruter blir overført frå staten til fylka, fryktar tidlegare Avinor-sjef Sverre Quale.

DEL

– Det kan vera konsekvensar av at det blir oppstykka etter fylkesgrenser for til dømes Nord-Noreg og Vestlandet. Dei som er heilt avhengige av eit godt rutetilbod, seier Quale til NRK.

Han leier no luftfartsutvalet som i desember la fram forslag til korleis ein kan gjera norsk luftfart meir effektiv, og er kritisk til at det ikkje har vore gjennomført ei konsekvensutgreiing før det blei avgjort å overføra ansvaret for slike flyruter til fylka, fortel kanalen.

Bakgrunn for frykta hans er at fylkeskommunane ikkje skal vera like flinke til å ta vare på heilskapen i rutetilbodet i distriktet. Ikkje alle er einige i dette. Fylkesråd for samferdsel i Nordland, Bent-Joachim Bentzen frå Senterpartiet, meiner på si side at det vil vera positivt for fylket å få meir styring sjølv.

Artikkeltags