Lov og rett i Fjaler

Lutelandet sitt naturmangfald er trua meiner Mark Taylor, MDG.

Lutelandet sitt naturmangfald er trua meiner Mark Taylor, MDG. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Torsdag 10. september skal kommunestyret handsame saka «Dispensasjon Lutelandet vindkraftverk – krav om lovlegkontroll», dette fordi MDG og Venstre har sendt inn krav om lovlegkontroll på kommunestyre sitt vedtak 077/20, eit vedtak som avviste klagen frå 19 grunneigarar, naboar og bebuarar på dispensasjonen som Fjaler kommune gav til Lutelandet Energipark i mars. Dispensasjonen gav dei lov til å byggje turbinar med større rotordiameter og til fylling i sjø.

Vedtaket påstår at «i dispensasjonssøknaden er tal vindmøller redusert til 9». Dette er ukorrekt og gjer vedtaket ugyldig. Søknaden var for å auke rotordiameter, ikkje å redusere tal vindturbinar. Lutelandet Energipark hadde ikkje behov for å søkje om å redusere tal turbinar, så dette vart ikkje nemnd i søknadsbrevet. Alle avgjerder skal byggje på eit korrekt og fullstendig faktum. Den usanne påstanden om kva som ligg i søknaden burde vere grunn nok til at kommunestyret opphevar vedtaket og fattar eit nytt vedtak i saka.

Og dessutan søkte Lutelandet Energipark om auka rotordiameter på vindturbinar for å produsere elektrisitet. Selskapet er ikkje interessert i å byggje vindmøller til å male korn!

Naturmangfaldlova sine prinsipp skal leggjast til grunn for all offentleg myndigheitsutøving. Konsekvensane for naturmangfaldet av å gje dispensasjon må avvegast og grunngjevast og vurderinga skal gå fram av vedtaket. Manglande vurdering og grunngjeving er sakshandsamingsfeil og kan leie til at vedtaket er ugyldig.

Som forvaltningsorgan og planmynde, burde kommunestyret høyre på faglege utgreiingar frå kommunedirektøren som vurderer at kunnskapsgrunnlaget, både for fugletrekk og marint biologisk naturmangfald, er mangelfullt. Dette er vurdert til å vere klart i strid med forvaltningsmåla i naturmangfaldlova §§ 4 og 5. Det er høgst usikkert kva tiltaket vil medføre av konsekvensar, hovudsakleg for fugletrekket forbi Lutelandet, og kva raudlista artar som vil vere trua. Denne delen av klage tok kommunedirektøren til følge.

Bygging av veg til holmar vest av Lutelandet hindrar tilgjenge til urørt strandsone og øydelegg gode gyteområde. Dette blei påpeika av kommunedirektøren i saksframlegget til dispensasjonssøknaden og kommunedirektøren tok også denne delen av klagen til følge.

Men kommunestyret avviste klagen, utan å vurdere eller grunngjeve i vedtaket kvifor kommunestyret meiner omsynet bak føresegnene i reguleringsplan eller i naturmangfaldlova ikkje er vesentleg tilsidesett og heller ikkje korleis fordelane ved å gje dispensasjon er større enn ulempene, begge krav for at det skal vere heimel for å gje dispensasjon.

Utsegn i vedtaket som «Vi kan ikkje sjå at endringa er vesentleg» og «Fylling i sjø vil vere eit mindre tiltak» forklarer ikkje korleis dei to vilkåra i plan- og byggingslova for å gje dispensasjon er oppfylt.

Med bakgrunn i dette bør kommunestyret konkludere at grunngjevinga for å avslå klagen ikkje var tilstrekkeleg, og som konsekvens grunnlaget for å gje dispensasjon, ikkje var til stades. Begge vedtaka må opphevast.

Difor vil MDG fremje eit nytt vedtak om å imøtekome klagen og oppheve dispensasjonsvedtaket.

Vi håper sjølvsagt å få eit fleirtal for det, men om posisjonen ikkje vil støtte oss, forventar vi at dei vil i det minste fall vurdere å delvis imøtekome klagen og dermed omsynet til naturmangfaldet, med eit nytt vedtak med avbøtande tiltak som vilkår for å gje dispensasjon, til dømes som å undersøkje fugletrekk med radar for å utbetre kunnskapen.

Fjaler har trass alt eit mål i kommuneplanen om å vareta naturmangfaldet gjennom strategien å støtte arbeidet med kartlegging av biologisk mangfald (også marint biologisk mangfald) og å ta omsyn til naturmangfaldet i planlegginga og gjennom handsaminga av enkeltsaker, slik som denne.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken