Losjehuset i Stongfjorden stod ferdig i 1936. Skålefjelltun skulle det heite etter fjellet over i bakgrunnen. Medlemmene i Losje Skålefjell hadde i lang tid lagt mykje omtanke og arbeid i planlegging og gjennomføring. Og no stod huset ferdig rikt på moglegheiter og vakkert å sjå til, fullgodt for medlemmene og allsidig tilbod til bygda, som hadde fått seg ei storstove.

Det vart samlingsstaden for folket i mange samanhengar, for born og vaksne i losjen, for songkoret, til 1. – og 17. mai-festar, juletrefestar og basarar for Helselaget og Redningssaka, til private samkomer som bryllaup og minnestunder, for slektsstemner og andre høve som folket i byda kunne ynskje Losjehuset til. Der er sal med scene og galleri, i kjellaren matsal, kjøkken, garderobe og toalett. Slik utstyrt vart det som ein heim for mange stongfjordingar.

Det var mykje folk i Stongfjorden før krigen, Aluminiumsfabrikken var i gong, og i familiane var det mange born, gjerne sju og åtte – om lag fem i snitt. Og dei fleste borna samla seg i barnelosjen, som biletet syner. Der var det lover og disiplin, men også venskap og glede. Og ein gong i året var det pakkefest. Det var spanande og kunne by på noko fint eller godt. spesielt under krigen hadde det mykje å seie. Og når programmet var over, kunne borna leike «Tampen brenner», «Slå på ringen» eller liknande. Salen var stor og romsleg. Losjen arrangerte også juletrefestar.

Det var høgt under taket, og for borna var det ei minneverdig oppleving å sjå det store treet midt i salen, pynta med lys og hjarte og stjerner og englar. Så fekk dei gå rundt treet, halde kvarandre i hendene og syngje julesongar dei hadde lært heime og på skulen. Lakksko og fløyelskjole var ikkje uvanleg mellom anna finstas. Ein eim av varm sjokolade og kaffi steig opp frå kjøkkenet, og det blei servert saman med julekake. Liknande var det i dei fleste bygder. I Stongfjorden er det Skålefjelltun som har gjeve born denne opplevinga gjennom mange tiår.

Etter konfirmasjonen gjekk borna over i vaksenlosjen. Der var ritualet stort sett det same. Det var godt samvær, song og venskap. Huset var ein god og trygg stad for barn og unge. Vi som har opplevd det, kjenner det som ein del av grunnvollen i oppveksten. Men viktigast for bygda var det at dette var eit hus til samkomer for alle.

«Når fjordane blåner som markens fiol og breene glitrar i spillende sol»

Tonane steig høgt over den romslege salen på Skålefjelltun når songkoret under den mangeårige dirigenten Jonas Størdal dirigerte, – ein 1. eller 17. mai i sol over fjell og fjord, på ein basar eller på ei songøving. Slik kunne vi born og unge oppleve det i huset som vår foreldregenerasjon hadde gjeve oss. Ord og tonar frå songkoret vil for mange vere med i minnet om Skålefjelltun. Songkoret hadde ein fast plass i Losjehuset med øving kvar onsdag. Og her lærde vi landet, diktarane i ord og tonar, og kvarandre å kjenne. Unge og eldre saman. Det var ein stor rikdom.

1. mai var ein stor dag i Stongfjorden før krigen. Det var mange tilsette i aluminiumsfabrikken. Difor hadde Arbeidarlaget mange medlemmer som kunne stå for eit rikt program for dagen. Det hende det kom deltakarar frå sentralt hald til å setje sitt preg på festen. Og no hadde dei fått eit verdig hus å halde dagen i. Etter at musikkorpset hadde gått fremst i toget og barneleikane var unnagjort, møttest folket til fest i Losjehuset. Bøndene hadde gjerne gjort våronn om føremiddagen. No møtte så å seier alle opp, bønder og arbeidarar. Familiane hadde med seg fat med smørbrød og kaker, på kjøkkenet var det kokt kaffi, og i matsalen var det dekka til måltid. På programmet etterpå var det korsong, allsong, tale og ofte skodespel, gjerne dikta av eigne krefter om lokale forhold. Ein song eg minnest og knyter til stemninga eg følte som lita jente ein 1. mai før krigen, i Skålefjelltun er denne:

«Ser du byen og heimbygdas lier, ser du bølgende åser og fjell? Det er folkets og framtidas Norge. Der ditt, du skal eie det selv.»

Liksom «Frihetens Forpost» blei sungen med kraft 1. mai, lydde nasjonalsongane mektig der folket var samla på same staden den 17. «Frihetens Forpost» av Arne Paasche Aasen til trass, den 9. april 1940 kom krigen til Norge og fridomen tok slutt. Men Losjehuset kunne halde fram med å samle folk til det meste, – bortsett frå 1. og 17. mai. I 1941–42 var huset okkupert av tyskarane. Sidan vart det forsamlingshus att som vanleg. Etter krigen stogga aluminiumsfabrikken og mange reiste ut for anna arbeid. Men losjen held fram og kunne by rom til aktuelle samlingar som meininga var frå dei som bygde huset.

Likevel, – det tyntes i medlemsmassen, folk blei eldre, ungdomen reiste ut for utdanning og arbeid liksom i andre bygder. Losje Skålefjell blei nedlagd, og etter kvar blei det bestemt å selje huset. To-tre stongfjordingar bestemte seg for å skyte inn den symbolske summen som vart kravd for å berge huset i Stongfjordens eige, for så å overlate det til ei gruppe som ville ta ansvaret for husets vidare lagnad og drive med handverk og halde ope hus for ulike aktivitetar. Som før.

Gruppa som overtok, skulle drive med veving. Matsalen i kjellaren blei etter kvart fylt med vevstolar. Mange ville vere med, og det blei livleg aktivitet og fargerik skaparglede i huset. Ein dag i veka hadde dei ope hus for publikum som kunne komme til ein prat og ein kopp kaffi. I salen oppe vart det halde kulturelle aktivitetar som kunstutstilling og boklansering, og private samlingar som konfirmasjon og slektsstemne. Og det vart mykje liv og røre både inne og ute ettersom frivillige dreiv med vedlikehald begge stader. Sissel Vie fortel om ei rik tid med mykje glede og skaparkraft. Denne herlegdommen varde til nærare to tusen og tjue-talet. Då hadde åra igjen gjort sitt, og mange i eigargruppa ønskte å overlate ansvaret for huset til yngre krefter i bygda som kunne by på kulturell rikdom og framfor alt ope hus for bygda som før. Var det mogleg?

Jeff Pedersen kjem frå North Carolina og har si utdanning som skodespelar og instruktør frå USA og England. Han har lang karriere innan teater, film og TV, og har vore instruktør i skodespelarteknikk både i England og Norge. Han har si eiga bedrift og har jobba ved Det Norske Teatret, Teater Vestland, Opera Nordfjord og i ulike institusjonar i utlandet. Han kjøpte seg hus og slo seg ned i Stongfjorden saman med Idun Losnegård, som jobbar ved Teater Vestland. Han fortel at han vart forelska i Losjehuset då han såg det for første gong- med alt det hadde å by på for teater.

Då det no synte seg mogleg, blei planen lagt for kjøp og bruk. Det blei bestilt og betalt for takst på huset. Arne Stang stilte sikkerheit med lån til kjøp og oppussing som slik kunne starte med ein gong. Standarden skulle hevast så Losjehuset kunne bli eit av dei beste intimteatera i landet, også med forventa stønad frå Riksantikvaren og Kulturrådet.

Jeff Pedersen ville skape eit nettverk av historiske kulturhus langs vestlandskysten som skulle støtte kvarandre og dele ressursar i det å skape teater i dei ulike husa, og vere med å bygge opp framtidas teaterkultur i regionen. Med sine kontaktar og sitt internasjonale nettverk innan teater og musikk ville Jeff Pedersen kunne hente inspirasjon og støtte til å utvikle eigne soloprosjekt i Losjehuset, i tillegg til gjesteproduksjonar, til rikdom og glede for bygda. Jeff Pedersen legg stor vekt på tilleggstenester som ville kunne bli skapt som følge av Losjehusets sentrale plass i teaternettverket i regionen: Konsertar, filmkveldar, diktlesing, galleri, kafé og fest. Losjehuset og Stongfjorden ville kunne vere på nasjonalt kulturkart, og publikum som kom på besøk ville kunne ha bruk for butikk, kafé, bensin, overnatting med meir. Men først og fremst skulle det vere den store andelege rikdomen i bygda.

Stangfjord Teater med Idun Losnegård som leiar skulle vere leigetakar og gje eit godt tilbod til borna i Askvoll kommune med scene og forsamlingssal, noko som er sterkt tiltrengt. Og viktig var det at dei som dreiv med aktivitet der no, hovudsakleg veving, skulle få halde fram. Vevstolane kunne framleis stå i kjellaren til anna løysing blei aktuell.

Då styret i Losjehuset takka ja til å selje, inviterte Jeff Pedersen to operasongarar ved The Metropolitan Opera i New York til å komme til Stongfjorden og synge i Losjehuset. Det ville dei gjerne, men det blei ikkje noko av.

Losjehuset skulle vere ein viktig stad for kultur i Stongfjorden, til glede og nytte for folket i bygda, slik som meininga var frå dei som bygde huset og gav det til bygda. Kulturarven skulle førast vidare til etterkommarane.

Salet til Jeff og hans plan, som ville vidareført den 85 år gamle storstova bygda har hatt i Losjehuset, blei ikkje noko av. Ein av medeigarane valde å bruke forkjøpsretten sin.

Losjehuset er eit skattkammer av minne, – om venskap og samvær, om fest og glede, om namn på dei som vanka der, – for dei som har vakse opp i Stongfjorden sidan 1930-talet, og ein bauta over flokken som gav den store gåva til bygda. Ein kulturarv og ein viktig del av bygda si historie, som vil bli sakna av mange.