Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Den 15. desember kunne vi lese i FIRDA: Hyllestad brukar 17 mill. frå sparegrisen til drift. Ordføraren er bekymra.
Mykje av desse 17 mill. vert nytta til innleige av vikarar i helse og sosialtenestene. Legetenesta er urimeleg dyr. Dette gjeld også andre stader i landet. Vi høyrer om vikarlegar som krev både to og tre gonger så mykje i løn som fastlegane våre har. Desse vikarlegane kan vere nyutdanna legar utan erfaring. Dette er urimeleg og undergrev heile fastlegeordninga. Vi ser også liknande tilhøve i ordninga med privat spesialisthelseteneste. Dette vil vere med å bryte ned den gode helsetenesta som vi har bygt opp i Noreg. Når det gjeld vikarordningane, må regjeringa og KS snarast få på plass eit tak for kor høge løner ein vikar (vikarbyrå) kan krevje. Slik som no har dette komme ut av kontroll. Dette bør vere ei god sak for Ap med statsministeren i spissen og må vere god distriktspolitikk.
Om ein greier å innføre eit lønstak for vikarane, vil det ikkje redde Hyllestad. Eg forstår godt at ordføraren er bekymra. Eg trur at innbyggjarane i Hyllestad bør vere minst like bekymra. Denne ordninga som ein har i dag, vil rive vekke grunnlaget for kommunen på sikt.
Ein må tore å tenke ny tankar og vere visjonær. Det ser ut til at tida er forbi då legar vil jobbe åleine (eller berre to til tre legar) på eit kontor. Dei vil ha eit fagleg miljø og dei vil støtte seg til kvarandre i vanskelege saker. Vi er no i ei heilt ny tid med andre krav både når det gjeld fagkunnskap, ansvar, rettslege følger av eventuell feilbehandling og krav til fritid. Med moderne kommunikasjon, velutstyrt ambulanseteneste (også helikopter) som i stor grad fungerer som eit mindre akuttmottak på eit sjukehus, er avstandane eit mindre problem enn før.
Legevaktsamarbeidet i Sunnfjord har no vore i drift i fleire år med godt resultat. Mange var skeptiske i starten, men no ser det ut til at dei fleste er nøgde. Sjølv køyrde eg legevakt i Sunnfjord for 50 år sidan. Då kunne det gå frå ein til åtte timar før legen kom. No rekk dei fram til vakthavande lege innan ein til to timar.
Hyllestad, Fjaler og Askvoll ligg geografisk godt til rette for eit legesamarbeid. Hyllestad og Fjaler burde ha eitt legekontor i Dale og eit par(?) kontordagar i veka i Hyllestad. Dette ville mest truleg føre til betre rekruttering og langt rimelegare løysing enn det ein har i dag. Kompetanse og kontinuitet er to vikte grunnpilarar i kommunehelsetenesta. Desse tre kommunane burde også vurdere å innføre ein felles kommuneoverlege (med tanke på å koordinere tenestene i dei tre kommunane) og ein felles smittevernlege. Samarbeid løyser ofte vanskelege problem.

Hyllestad kommune brukar 17 millionar frå sparegrisen på drift. Ordføraren er bekymra

981 utan fastlege i Sunnfjord kommune. Her manglar dei ein lege
