Lønnsforskjellane mellom menn og kvinner minkar sakte

Av

Kvinner vel oftare yrke med lågare lønn og jobbar langt meir deltid enn menn. Men lønnsforskjellane minkar noko, viser ferske tal frå SSB.

DEL

I 2019 hadde kvinner ei gjennomsnittleg månadslønn tilsvarande 43.850 kroner, melder Statistisk sentralbyrå. Det utgjer 87,6 prosent av lønna til menn. I 1998 var det same talet 83,6 prosent, og i 2008 var det 85 prosent.

Ein vesentleg faktor som påverkar lønnsnivået, er arbeidstid. Nesten ei av to kvinner jobbar deltid, medan ein av fire menn gjer det same.

I deltidsstillingar tener kvinner og menn nesten like mykje, men forskjellane aukar i heiltidsstillingar. Gjennomsnittleg månadslønn for menn i heiltidsstillingar er 52.320 kroner og for kvinner er ho 46.520 kroner.

Artikkeltags