Lokalt kulturråd

Dei frivillige kulturorganisasjonane bør samle seg om å skipe eit kulturråd som kan vere talerøyr til kommunen og eit forum for støtte til kvarandre, skriv Ivar Svensøy (AP).

Dei frivillige kulturorganisasjonane bør samle seg om å skipe eit kulturråd som kan vere talerøyr til kommunen og eit forum for støtte til kvarandre, skriv Ivar Svensøy (AP). Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dei frivillige kulturorganisasjonane bør samle seg om å skipe eit kulturråd som kan vere talerøyr til kommunen og eit forum for støtte til kvarandre. Rådet kan gi stønad til gode prioriteringar av prosjekt og kulturbygg; tiltak som vil vere vanskeleg å få opp og fram aleine.

Rådet må bli eit demokratisk tiltak frå organisasjonslivet, eit grasrottiltak! Dette for å få legitimitet som ein viktig og seriøs høyringsinnstans for kommunen og ei kraftfull røyst i den offentlege debatten.

Er det noko eg har høyrt og lært i debatten om Førdehuset og vern av Laksen, så er det ønsket om å nå fram med gode og saklege argument. Slik fekk Idrettsrådet vekt i saka. Dei blei høyrde, i alle høve av politikarar! I Førde kommune opparbeidde dei seg ein posisjon som fast høyringsinnstans i idrettslege spørsmål og fekk innverknad på prioriteringar av prosjekt og høyrde i til dømes prisar på halleige.

Eg seier ikkje at enkeltmenneske ikkje kan nå fram med sine synspunkt, men det vil krevje meir innsats og er ikkje for alle.. Hans Jakob Reite fekk stor oppslutnad i sin aksjon for Laksen, og ære vere han for det! Han blei lytta til saman med dei 160 i fakkeltoget, og samfunnet treng slikt engasjement! Men det «daglege» arbeidet i organisasjonane vil kunne ha stor nytte av samarbeid. Saman står ein sterkare og har fleire menneskelege ressursar å spele på. Slik vil og kommunen og den kommunale administrasjonen og politikarane få ein god høyringsinnstans.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken