Sit dei no, fleirtalet i Sunnfjord kommunestyre, med ei djup kjensle av vel utført arbeid då dei gav Nordic Mining løyve til å gå laus med gravemaskiner på hus og mark i Engebøgrenda?

Kommunepolitikarane visste at selskapet manglar løyve til å setje i gang sitt store skadeverk. Noko verre og meir uoppretteleg enn avfallsdumpinga i Vevring har ikkje vore utført mot levande natur i Sunnfjord før. Selskapet har, gledeleg nok, enno ikkje pengar til å gjennomføre udåden. Endå dei har sikla og lokka lenge. Dei har ikkje meir enn eit snev av støtte langs fjorden og vide omkring. Det vert fortalt om harde ord då dei for ei tid sidan møtte bygdefolket på begge sidene av fjorden og la fram sitt prosjekt i ord med ull rundt.

Men å bry seg om kva folk meiner – å forsvare sine innbyggjarar mot rovdrifta på deira leveområde – det vart for tungt for den politiske lokalmakta. Ikkje kan dei orsake seg med at dei er korrupte heller. Det er ikkje ein Chicago-mafia vi har med å gjere, ein flokk som vi måtte vente kva som helst av. Konsekvensane av det fleirtalet av våre lokale politikarar har gjort – og åleine sit med ansvaret for – er med stor risiko at bygdelandskapet på Engebø vert gjort til inkje og liggande i ruin i eit knekt bygdesamfunn. Utan å få tak i godt over eit par milliardar kroner til å starte drifta med, står også Ivar Fossum i Nordic Mining makteslaus.

Ungdomane med kjettingar rundt livet gjev seg nok ikkje så lett, omfamna som dei er av bygda. Dei kjempar for ei framtid det er råd å leve i, etter at det formelle demokratiet ikkje fekk til akkurat det, ikkje på toppen av staten og ikkje i kommunen. I Vevring vil Natur og Ungdom hindre ein industri med så grovt skadeverk at han er bannlyst over nesten heile verda. Ansvarlege selskap vil ikkje spolere sitt rykte ved å investere i slikt som dei aldri kan makte å forsvare. Dei norske elitepolitikarane ser tydeleg lettvint på sånt.

Om ansvaret skulle misse fotfestet under Engebøfjellet og drifta komme i gang, vert det under eit utanlandsk selskap som etter alt å dømme vil hyre inn framand arbeidskraft for ein neve dollar til ein brakkekoloni og Nordsjø-turnus. Vi har sett nok av at norske handlangarar er ute etter energi og råvarer for å selje drifta og fortenesta til økonomiske gigantar og skatteparadis. Med å støtte denne politikken held dei folkevalde på å dele landet. Vinnarane i den råstoffjakta sit i byen, taparane i utkantane, der livsgrunnlaget gror.

Les også

Økologisk mord i Førdefjorden

Les også

Ope brev til næringsminister Vestre om Engebøsaka

Les også

Sunnfjord kommunestyre må stoppe Nordic Rutile!