Ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen har engasjert seg i saka om barnehagestruktur i Sunnfjord. Det er velkome at ein redaktør engasjerer seg i lokale debattar, men eg skulle ønskje han gjorde meir for å tilføre debatten noko nytt, og for å løfte den til eit høgare nivå.

Pedersen sitt innlegg er i hovudsak ei ukritisk gjentaking av kommuneadministrasjonen sine økonomiske argument. Engasjerte foreldre og tilsette sine argument vert avkorta og forenkla til ønskje om å ha barnehagar i nærområdet. Dette stemmer ikkje – argumenta for å behalde dei mindre barnehagane er pedagogiske, utviklingspsykologiske, og basert på foreldre og tilsette sine ønskjer og erfaringar. Tilsette og foreldre skildrar bekymringar som går langt utover bekvemmelegheit.

Pedersen hevdar han er nøgd med barnehage- og skuletilbodet hans eigne born har hatt, men innser tilsynelatande ikkje at det er desse tilboda han no argumenterer for å omstrukturere og legge ned. Han skal derimot ha honnør for si ærlegdom om kvifor han har dette standpunktet: hans eigne born er ferdige på skule, så no er han meir oppteken av eldreomsorg.

Trass i ei ubalansert framstilling har Pedersen eit viktig poeng: me trenger meir pengar til eldreomsorg. Men er det riktig å setje oppvekst og eldreomsorg opp mot kvarandre? Er berre desse budsjetta som kommunen kan gi eller ta ifrå? Her saknar eg at Firda hadde brukt si makt som lokalavis til å løfte debatten til eit høgare nivå. Kva verdiar prioriterer me i Sunnfjord? Korleis lagar me ein by og kommune der folk ønskjer å bu og jobbe? Det hjelper lite å løyve midlar til eldreomsorg, når ingen orkar å jobbe der, og viss dei yngre generasjonane har flytta andre stadar. Eit anna sakn i denne debatten er den ukritiske aksepten av at barnetala skal søkke. Det står fram ikkje som me i Sunnfjord kommune har ambisjonar om å motverke eller snu denne trenden. Gå ein runde i Førde sentrum så vil du sjå at me bygger vegar og hus for framtida. Dette ser me på som investeringar. Barnehagane derimot, ser ut til å vere ein brysam utgiftspost.

Eg håpar me framover kan snakke meir om korleis me kan gjere Sunnfjord kommune til ein plass der folk ønskjer å bli verande, og flytte til. Kva folk engasjerer seg for er ein god plass å starte. Det å behalde mindre barnehagar, som fungerer bra og som både born, foreldre og tilsette trivast med, gjer Sunnfjord til ein meir attraktiv plass å bu. Me bør tenke på det som ei investering i framtida, ikkje som ein utgiftspost me kan kutte i.

Pedersen avsluttar med å appellere til lokalpolitikarane om å lytte til sine byråkratar. Viss føremålet med kommunepolitikken berre er å forvalte budsjetta på den økonomisk optimale måten, så bør me sjølvsagt kutte på budsjetta for oppvekst. Me kan strengt tatt kutte alle offentlege tenester ned til det me er lovpålagt å tilby, eller det me ikkje får bøter for å mangle, og håpe at folk likevel gidd å bu her. Då trenger me for så vidt ikkje lokale politikarar, for lokale verdiar og engasjement er uinteressant. Men viss føremålet er å speigle kva folk bryr seg om, og ta avgjersler som handlar om fleire verdiar enn økonomiske langtidsplanar, så håpar eg dei folkevalde held fast ved valet om å lytte til engasjerte innbyggjarar.

Les også

Kvifor legg dei ikkje ned barnehagar det eigentleg ikkje er bruk for?