Om du har gått inn den næraste inngangen på Coop Extra i Førde dei siste månadane, er du kanskje ein av dei som har undra deg over at ikkje lokalet til høgre for inngangen er opna enno. På innsida av det nedfelte gitteret framstår nemleg alt som fiks ferdig.
I starten av 2022 skreiv Firda først om at Coop hadde planar om å utvide og bygge om inngangspartiet sitt. Her skulle dei utvide lokala til Posten, og planen har heile vegen vore at det også skulle inn eit apotek i lokalet. Nærare bestemt er det Apotek 1 som skal opne sitt andre apotek i Førde der.
Folk lurer
– Vi får ein del spørsmål om når det er tenkt å opne, seier butikksjef ved Coop Extra på Brulandsvellene, Ørjan Alme.
Han må svare det same til dei alle. Han veit rett og slett ikkje.
Byggearbeidet på si side starta i slutten av august i fjor. Opphavleg skulle det starte i mars og vere ferdig til sommaren, men seinverknader av pandemien utsette arbeidet.
Utvidinga – inklusiv ferdigstillinga av lokalet til apoteket – var ferdig i månadsskiftet oktober/november i fjor. Etter dette starta apoteket sjølv med si innreiing.
– Alt skal vere ferdig. Eg prata med Veidekke seinast i går, seier Alme.
Skal tilsette fem
Firda har vore i kontakt med Apotek 1 for å svar på når dei faktisk har tenkt å opne dørene. Det har ikkje blitt gitt ein dato, og årsaka til dette fortel pressesjef Silje Ensrud er at dei jobbar med å få på plass bemanning før denne blir sett.
I første omgang søker dei etter ein apotekar. Denne skal drive apoteket og stillingsannonsen har dei ute på sine nettsider. At det har teke tid frå dei opphavleg såg føre seg å opne kjem tydeleg fram når ein les teksten etter «Tiltredelse». Der står det nemleg: «01.11.2022 eller etter avtale.»
– Det er krevjande å finne folk. Det vert opna mange apotek, og det er ettertrakta kompetanse, seier Ensrud.
Pressesjefen fortel at ettersom dei ikkje har gjort tilsettinga av apotekleiaren, så er dermed opningsdatoen enno ikkje fastsett. Dei må også ta høgde for ei eventuell oppseiingstid hos førre arbeidsgjevar for den som skal tilsettast.

Stor interesse for rehabiliteringa av Sande skule: Tosifra tal tilbod har kome inn

Dei nye eigarane har nye planar: No treng dei tilsette

Siv Mari har jobba her sidan ho var 15: – Den nye butikken er som å ha fått ein ny jobb
