Gå til sidens hovedinnhold

Lokale spelarar er med i NM i regionlag. Firda visar kampane

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er duka for ein stor volleyballhelg i Oslo. Får ikkje du vere på tribunen så kan du sjå alt frå NM i regionlag til den store cupfinalen akkurat her på Firda.no.

Det er ei stor volleyballhelg i Ekeberghallen i Oslo. Laurdag er det klart for den store cupfinalen der Førdeherrane skal kjempe om endå eit gull mot TIF Viking.

Men det er ikkje berre dei som skal spele. Det er også NM for regionlag, og dei begynner turneringa fredag.

Sogn og Fjordane stiller med kvart sitt jente- og gutelag i klassen 16-år. Firda viser alle kampane.

Dette er kampprogrammet til dei lokale laga i NM i regionlag:

  • Fredag 10. januar kl. 11:00: J16 – Sogn og Fjordane – Rogaland
  • Fredag 10. januar kl. 12:15: G16 – Sogn og Fjordane – Rogaland
  • Fredag 10. januar kl. 13:30: J16 – Sogn og Fjordane – Trøndelag
  • Fredag 10. januar kl. 14:45: G16 – Sogn og Fjordane – Møre og Romsdal
  • Fredag 10. januar kl. 16:30: J16 – Øst – Sogn og Fjordane
  • Fredag 10. januar kl. 17:45: G16 – Hordaland – Sogn og Fjordane

Firda vil også vise kampane som er laurdag og søndag om dei lokale kjem seg dit.

Laurdag 11. januar kl. 16.30 vil Firda også vise cupfinalen Førde-TIF Viking.

Kommentarer til denne saken