Gå til sidens hovedinnhold

Tambarskjelvar tok «the double»

Artikkelen er over 16 år gammel

Tambarskjelvar vann i helga NM for 17-åringar for andre året på rad - med stort sett dei same spelarane på laget.

-Dette var veldig herleg. Vi har hatt press på oss, ettersom vi vann eitt år for tidleg i fjor, smiler trenar Magne Hornnes på telefon frå Bodø.

Tambarskjelvar slo KFUM Stavanger i kvartfinalen, og Sortland i semifinalen. I finalen venta Blindheim, utan at det vert noko problem for naustedølane.

-Den verste kampen var eigentleg Stavanger i kvarten. Der møttest dei to beste laga. Og hadde vi tapt der, hadde vi ikkje komme til semien ein gong. Eg var nervøs, vedgår Hornnes.

Erdal beste spelar

Kvartfinalen vart den einaste kampen Tambarskjelvar gav frå seg sett. Oppgjeret enda 2-1 (23-25,25-18,15-11). Sortland vart slegne 2-0 (22-25, 13-25) i semifinalen.

-Utanom kampen mot KFUM Stavanger kunne vi spele midt på treet, og likevel greie det, seier Hornnes.

Finalen mot Blindheim enda 2-0 (25-20, 27-25). Etter kampen vart Ingri Erdal heidra som den mest verdifulle spelaren i meisterskapen.

-Og dette var den tredje gongen at vi har teke the double - det vil seie vunne to år på rad, smiler trenaren.

Bronse til Førde

Han viser til at det same skjedde i sesongane 1985/86 og 1997/98.

-Så du har store håp til denne gjengen?

-Dette er ein gylden generasjon, og vi har fleire gode generasjonar på gang. Vi er inne ein bra rekrutteringsperiode, som vi no nyt fruktene av, meiner Hornnes.

Beviset på det: Tambarskjelvar vann både 17- og 19-års-NM i fjor. 17-årssigeren i helga var det tredje gullet på to år.

Desse spelte for Tambarskjelvar: Ingri Erdal, Janne Nøstdal, Malene Salbu, Hilde Elvebakk, Kine Grimeland, Herborg Eikeland, Kristina Mundal og Sylvi Fløtre.

I guteklassen tok Førde bronse, etter 2-0 over Hønefoss i bronsefinalen. Førde enda på 11. plass i jenteklassen.