Gå til sidens hovedinnhold

Sølv og bronse i NM

Artikkelen er over 16 år gammel

Førde tok sølv, medan Tambarskjelvar tok bronse. Begge laga var godt nøgde med utbytet etter helgas NM for 19-åringar i Ålesund.

-Vi hadde eigentleg vore nøgde med semifinale, men gjekk heilt til finalen. Vi må vere veldig godt nøgde, seier Førde-trenar Roy Inge Råheim.

Gutelaget hans er særs ungt. Mellom anna er to av spelarane 16 år, medan gullvinnar Nyborg til dømes har to seniorlandslagsspelarar på laget.

-Halve førsteseksaren vår kjem også til å spele NM for 17-åringar i april, seier Råheim.

Mykje av det same er også situasjonen på Tambarskjelvar sitt jentelag, som tok bronsemedalje i Ålesund.

-Vi tapte berre ein kamp, og står no med berre to tap på fire år i NM. Vi har to gull og to bronse, smiler trenar Magne Hornnes

-Det som er spennande, er at fleire av spelarane får sjansen igjen seinare. Og 87- og 88-modellane skal spele NM 17 år også, seier Hornnes.

Resultata frå helgas NM:

Innleiande: Førde - Råde 2-0 (25-15, 25-20, Førde - Nyborg 0-2 (18-25, 18-25), Førde - KFUM Volda 2-0 (25-18, 25-21), Førde - Bergkameratene 2-0 (25-15, 25-17), Tambarskjelvar - Skreia 2-0 (25-18, 25-18), Tambarskjelvar - Ålesund 2-0 (27-18, 25-14)

Kvartfinale: Tambarskjelvar - Ørskog 2-1 (25-18, 23-25, 16-14)

Semifinalar: Førde - Inderøy 3-0 (25-23, 25-19, 25-18), Tambarskjelvar - Blindheim 0-3 (21-25, 14-25, 21-25)

Bronsefinale: Tambarskjelvar - Egersund 2-0 (25-16, 25-18)

Finale: Førde - Nyborg 0-3 (22-25, 19-25, 18-25)

Med på laga

For Førde spelte Torgeir Dalen, Ruben Inderøy, Jon Jarning, Bjørn Øyvind Hove Ås, Idar Døssland, Øyvind Storebø, Espen Nordebø og Ole Kristian Åsnes.

For Tambarskjelvar spelte Randi Marie Berntsen, Sylvi Marie Fløtre, Herborg Hilde Eikeland, Ingri Malene Ervik Erdal, Heidi Irgemo, Ane Kristine Barek Myhre, Kristina Mundal, Hilde Elvebakk, Janne Nøstdal, Linda Molvik, Kine Grimeland, Linda Østborg og Vigdis Lunde Kristiansen.