Gå til sidens hovedinnhold

Rekordmange jenter vil bli dommar

Artikkelen er over 16 år gammel

Dette biletet er på mange måtar historisk. Aldri tidlegare har fotballkrinsen hatt så mange jenter i dommarstanden - sjølv om dei førebels berre er tre.

-Vi har aldri opplevd å ha tre jenter på samling, stadfestar Jarle Grindhaug, leiar for dommarsektoren i Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Dommarane avvikla i helga si årlege vårsamling i Førde. Der var Andrea Stølen (17) frå Leikanger, Line Tordal Førde (19) frå Gaular og Marita Gudvangen (17) frå Høyanger til stades for å lære mest mogleg av dei eldre og rutinerte dommarkollegaene.

-Det er spennande og utfordrande å vere dommar, meiner Stølen.

Mannsdominert

-Det er liksom det å få bestemme litt, at folk må følgje det du seier og å klare å leie ein kamp utan bråk som er moro, forklarer ho.

Trioen satsar på ein heller sjeldan karriereveg for jenter. Dommarmiljøet er mannsdominert, og ikkje minst vankar det mykje kjeft for dommarar på alle nivå.

-Det er viktig å lære seg til å ikkje bry seg om å få kjeft, seier Tordal Førde.

Ho var også i fjor rekruttdommar, medan både Stølen og Gudvangen er på dette nivået for første gong - sjølv om dei alle har dømt kampar tidlegare år.

-Under ein 7'ar-kamp fekk eg to trenarar etter meg. Dei sa at eg måtte slutte å dømme. Det var fælt, erindrar Stølen.

Aldersbestemt verst

-Det er nesten verst å dømme aldersbestemt, samstemmer Tordal Førde.

-Men eg bryr meg lite om at foreldra vert sinte. Eg følgjer berre reglane, legg ho til medan dei andre dommarane spring forbi.

Dei er ferdige med cooper-testen, og er i gang med 200-meter.

-Eg føler ikkje at eg passar heilt inn, meiner Gudvangen.

-Dei er så mykje eldre enn oss, nikkar Stølen.

Får prøve seg på linja

Likevel trivst dei med fløyte og kortstokk. Difor har trioen bestemt seg for å satse på dommargjerninga. Og truleg får fleire av dei prøvd seg på høgare nivå allereie denne sesongen.

-Vi skal sjølvsagt følgje dei opp, og vi tek iallfall av to av dei opp til gradskamp i løpet av året. Vi vil matche dei i dame- og gutekampar. Kanskje vil Marita Gudvangen få prøve seg på linja i 3. divisjon, seier Jarle Grindhaug.

-Vi held fram fordi det er kjekt. Det hadde vore kjekt å komme så langt som mogleg, men det er ingenting å stresse etter, meiner Tordal Førde.

-Vi tek det som det kjem, seier Gudvangen.

«Det er spennande og utfordrande å vere dommar»

Andrea Stølen, fersk dommar