Gå til sidens hovedinnhold

Firda Avis Cup er historie

Artikkelen er over 16 år gammel

Firda Avis Cup hadde 20-årsjubileum i 2004. Men turneringa vert ikkje eldre.

-Det er over og ut no. Men vi jobbar med andre løysingar, som vi har god tru på, opplyser marknadssjef Harald Gil Sætre i Firda.

Firda Avis Cup starta opp i 1985. Den tradisjonsrike fylkescupen har vore særs populær, ikkje minst grunna dei originale reglane der laga byrjar kampane med straffespark for å utlikne divisjonsskilnaden.

Dei siste åra har derimot interessa for cupen stupt. Fotballkrinsen har slite med å få dei beste laga til å stille opp, og kampane har heller ikkje trekt mykje publikum til arenaene.

-Vi føler at Firda Avis Cup er litt oppbrukt. Vi har slite litt med å få den oppslutnaden vi ønskjer, seier Gil Sætre.

Firda er inne som sponsor for fotballkrinsen. Pengane har gått til premiering av finalelaga i turneringa. No skal midlane gå til andre føremål i krinsen.

-Vi vil setje oss ned og finne eit nytt konsept innan fotballen. Primært skal vi ha fokus på dei yngre, fortel marknadssjefen i Firda.

Han viser til at det ikkje er snakk om å bryte avtalen med fotballkrinsen. Den går ut i 2006.

Jotun Årdalstangen vann i 2004 den siste finalen mot Eikefjord på Fosshaugane. Den første finalen enda 4-2 til Svelgen over Heia i 1985.

Kaupanger og Stryn står begge med fire sigrar kvar i Firda Avis Cup. Fjøra har vunne tre gongar, medan Eikefjord, Svelgen og Jotun (Årdalstangen) har to sigrar kvar. Elles har også Florø, Førde og Norane gått til topps ein gong kvar.