Berre ein guteløpar forserte storslalåmløypa raskare enn 13 åringen frå Haugen i Nordfjord laurdag. Og den fartsglade jenta var heller ikkje nøgd med måten løypa var stikka på under det som er fartsdisiplinen i lokale alpinbakkar, storslalåm.

Trivst med stor fart

-Det var for kort avstand mellom portane og var ein slags mellomting mellom slalåm og storslalåm. Eg likar meg betre når farten blir større, smiler fylkets einaste representant i forbundets talentgruppe.

Der har ho vore i halvtanna år, og tysdag dreg ho på sin tredje utanlandstur saman med landets mest talentfulle alpinistar. Måndag i neste veke får ho igjen norsk jord under beina.

-Eg vann både storslalåm og slalåm på Andorra i fjor, men i år konkurrerer eg med jenter som er eitt år eldre enn meg. Dermed blir det nok vanskelegare å nå like høgt opp på resultatlistene. Men moro skal det bli uansett, seier jenta som er inne i sin 4. sesong som alpinist.

-Eit mål å slå gutane

Laurdag knuste ho all motstand, og berre vinnar av eldste guteklasse, Jøran Hillestad frå Hafslo, var raskare.

-Det er eit mål å slå gutane, smiler den lovande 13-åringen som går i 8. klasse og trenar alpint kvar einaste dag dersom snøtilhøva tillet det.

-Eg trenar så mykje som eg tykkjer er kjekt. Og vil satse alpint så lenge det er moro. Er ikkje det tilfelle finn eg meg noko anna å drive med, seier ho.

Akkurat no har ho ingen planar om å gje seg, og i bakhovudet lurer draumen om ein gong å kjempe blant dei beste norske.

-Men vegen dit er lang, seier den reflekterte ungjenta.

Kriblar i magen

Ho veit lite kva som ventar i Kroatia, men ser fram til turen med ei form for skrekkblanda fryd.

-Eg gler meg, men samstundes kriblar det litt i magen når eg tenkjer på at eg skal reise langt bort. Det blir spennande både å reise og møte dei andre norske løparane, seier ho.

Sist vinter konkurrerte ho både i Andorra og Italia. Der møtte ho utøvarar frå seks nasjonar. Kor mange nasjonar som stiller i Kroatia veit ho ikkje, men ho tvilar ikkje på at konkurransen blir hard.

I duell med eldre jenter

-I fjor var eg eldst i min klasse, men i år skal eg møte jenter som er eitt år eldre enn eg sjølv. Dermed er det nok lurt å skru ned ambisjonane, seier ho.

I Kroatia skal ho konkurrere både i slalåm, storslalåm og super-G. Og spesielt den siste disiplinen gler ho seg til. 13-åringen likar nemleg fart. Større fart enn det som var mogeleg å få opp i storslalåmløypa på Vassenden i Jølster under helgas KM.

Kolumneboks:

KM Alpint

Over 130 løparar stilte til start i Bjørkelia i helga