LO: Uaktuelt med kutt i sjukelønn

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

LOs nestleiar Peggy Hessen Følsvik avviser alle forslag om kutt i sjukelønnsordninga.

DEL

– LO går kraftig imot alle kutt i sjukelønnsordninga og andre trygdeordningar. Det løyser ikkje dei verkelege utfordringane med å få folk i jobb, men fråtar berre svake grupper inntekt, seier ho i ei pressemelding.

Eit utval leidd av professor Steinar Holden la torsdag fram forslag til tiltak for å få fleire sjuke og uføre i jobb. LO reagerer sterkt på forslaget om at lønn under sjukdom blir redusert til 80 prosent for dei som har vore sjuke i meir enn seks månader.

– Det verkar ikkje som om utvalet har tatt inn over seg at det er legar som sjukmelder. Det er ikkje val den enkelte gjer fordi det lønner seg økonomisk, seier Hessen Følsvik, som fryktar forslaget kan ramme lågtlønte og langtidssjuke.

NHOs arbeidslivsdirektør Nina Melsom ser fram til å drøfte saka vidare når partane i arbeidslivet no blir invitert med i utvalet.

– Når det gjeld sjukepengar, er det viktig at utgiftene til bedriftene ikkje aukar. Vi må òg sjå på korleis dette slår ut for ulike bransjar. Det må heller ikkje bli slik at arbeidsgivarar vegrar seg for å tilsetje folk med helseutfordringar, seier ho til NTB.

Virke-sjef Ivar H. Kristensen meiner det er positivt at utvalet foreslår konkrete endringar i sjukelønnsordninga.

– Det er heilt i tråd med det Virke har tatt til orde for når ekspertgruppa foreslår endringar som er kostnadsnøytrale for arbeidsgivarane, men som aukar insentivet til både arbeidsgivar og arbeidstakar til å få ned langtidsfråværet, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken