LO ber medlemmer møte på jobb – mekling går føre seg enno

MEKLING: LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen (t.v) og NHO-sjef Ole Erik Almlid.

MEKLING: LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen (t.v) og NHO-sjef Ole Erik Almlid. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Idet meklinga i mellomoppgjeret mellom LO, YS og NHO går inn i sin sjuande overtidstime ber LO medlemmene sine om å møte på jobb til vanleg tid måndag morgon.

DEL

Det skriv dei på nettsidene sine. Dei ber medlemmene vente på nærare beskjed.

Like før klokka 6 måndag morgon får NTB opplyst av NHO at det er «lite sannsynleg» med ein ny pause i meklinga, og at partane sannsynlegvis vil sitje lenger på overtid.

Partane har forhandla på overtid sidan fristen gjekk ut ved midnatt natt til måndag. Klokka 23 søndag sa riksmeklaren at det framleis var «betydeleg avstand» mellom partane, og han har tidlegare uttalt at streikefaren er til stades.

Begge partar har tidlegare oppgitt at dei ikkje kan seie noko om kva for saker det blir forhandla om.

Blir ikkje LO og NHO samde, er LO-medlemmer i bedrifter som Statkraft, Mills, Ringnes, Telenor, PostNord og Bring blant dei som blir tatt ut i første streikerunde, ifølge ei LO-oversikt.

Frå YS' side er Parat-medlemmer i Adresseavisen og Aller Media blant dei som er omfatta av det første streikeuttaket.

Slik kan ein streiken ramme fylket

Totalt vil om lag 25.000 arbeidstakarar frå LO og YS bli tatt ut i ein eventuell streik.

I Sogn og Fjordane vil det råke seks bedrifter.

  • Transferd AS: avd. Stryn, avd. Førde, avd. Sogn
  • Olden Brevatn AS
  • Geomatikk AS avd. Førde
  • Nikita Hair Norway AS avd. Førde
  • Norsk Gjenvinning AS avd. Førde

Ved ein eventuell streik vil også nokre ferjestrekningar i fylket bli råka. Mellom anna Norled AS si rute B i strekninga Oppedal-Lavik og Fjord1 AS si rute B i strekninga Anda-Lote.

I tillegg vil også hurtigbåten mellom Bergen og Sogndal også bli tatt ut i streik om partane ikkje kjem til einigheit.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken