Slik vil vi bu

Leilegheita til Turid og Olav Øygard. Arkivfoto: Mariell Buttedal Myklebust

Leilegheita til Turid og Olav Øygard. Arkivfoto: Mariell Buttedal Myklebust

Artikkelen er over 4 år gammel

Fersk spørjeundersøking viser at stadig fleire i Sogn og Fjordane vil ha leilegheit.

DEL

I ei undersøking utført av Respons Analyse for Eiendomsmegler Vest går det fram at 59 prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane vil velje einebustad dersom dei skal handle bustad.

Til samanlikning er 73 prosent av husstandane einebustad i dag, medan berre fire prosent er leilegheiter.

Fleire vil ha leilegheit

– Det vil endre seg i framtida. Over heile landet er trenden å bygge tettare og meir sentralisert, seier jurist Helle Selseng i Eiendomsmegler Vest i Sogndal.

Undersøkinga viser at så mykje som 28 prosent seier dei ville kjøpt leilegheit dersom dei skulle kjøpe bustad no.

Byggestatisitikken for fjoråret ser ut til å spegle dette ønsket, sidan 27 prosent av bustadane som vart bygd i fylket i fjor var leilegheiter. Det er mykje i eit fylke der bustadbygginga tradisjonelt har vore spreidd.

Halvparten vil bu urbant

I undersøkinga spurde ein også om ein vil bu urbant eller landleg. I dette spørsmålet er folk i fylket delt på midten.

47 prosent i Sogn og Fjordane vil bur urbant, medan 51% vil bu landleg. Til samanlikning vil berre 36  prosent av hordalendingane bu landleg.

Daglegvarebutikk, helsesenter/lege og friluftsområde er det folk i Sogn og Fjordane meiner er viktigast å ha i nærleiken. Det samsvarer med ønska elles i landet.

Tal frå 2013:

Tal frå november 2014:

Artikkeltags