18 skribentar fekk stikkordet «Sunnfjord»

Ete fysst: Fridtjov Urdal, Marita Liabø, Heidi Hattestein, Gunnar Garfors, Vidar Nupen, Katrine Sele, Sissel Verøyvik og Rune Timberlid er åtte av 18 forfattarar som har skrive i boka «Ete fysst», gitt ut på Selja forlag. Fredag kveld samla fleire seg i biblioteket, for å høyre Liv Grimsbø intervjue forfattarane om temaet «Sunnfjord»

Ete fysst: Fridtjov Urdal, Marita Liabø, Heidi Hattestein, Gunnar Garfors, Vidar Nupen, Katrine Sele, Sissel Verøyvik og Rune Timberlid er åtte av 18 forfattarar som har skrive i boka «Ete fysst», gitt ut på Selja forlag. Fredag kveld samla fleire seg i biblioteket, for å høyre Liv Grimsbø intervjue forfattarane om temaet «Sunnfjord» (Foto: )

Kva er sunnfjordsk? Korleis er ein sunnfjording? I boka «Ete fysst» får du 18 ulike svar.

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Fredag inviterte Selja forlag til slepp for «Ete fysst». Trass tittelen, handlar boka slett ikkje om mat, men om oss. Og om forfattarane sjølve.

Dei lovar å lette på sløret frå eigne erfaringar med livet i Sunnfjord. Dei lovar også å gje oss eit alvorsord, der det trengst.

– Eg er kanskje litt hard mot Sunnfjord, seier Heidi Hattestein.

Negative og underkua

Gunnar Garfors, mannen som har reist til 198 land, ser sunnfjordingen utanfrå:

Konservativ, treig, sær i matvegen, dårlegare råd enn andre, grådig, underkua av sin betre halvdel, manglande spontanitet og negativ.

– Dette er jo ting eg har sett, men det handlar kanskje mest om å provosere, og om å ta føre seg stereotypiane, seier han.

Ideen til boka hadde Liv Grimsbø. Då ho sette i gong var ho litt redd for å mislykkast. Tenk om det berre vart dårlege tekstar. Men den første ho ringde, Gunnar Staalesen, takka ja til å vere med. Då var det oppløftande å gå vidare.

– Eg synest vi har fått ein fin miks av nye og etablerte skribentar. Eg er veldig nøgd med både innhald og visuelt uttrykk, seier Grimsbø.

Vidar Nupen er sunnmøringen som flytta til Sunnfjord og tilbake til Sunnmøre. No er han ikkje heilt sikker, men meiner at han kjenner seg mest som sunnfjording.

Leiken og på andre sida

– Sunnfjordingen er litt meir leiken, på Sunnmøre skal alt løne seg, seier han.

Nupen er kjend for mellom anna Veikingkonvoien. I tillegg driv han med det han kallar sogesnikring, dikt og salmar.

– Men eg skriv ikkje berre salmar, også det som er heilt på andre sida. Denne teksten er vel helst på andre sida, seier han.

Blant dei nye stemmene i boka, finn vi Sissel Verøyvik. Ho kjem frå Værlandet, men bur i Bergen. Tidlegare i år debuterte ho som forfattar med «Rakels bok». Boka har fått gode kritikkar og skal no omsettast til tysk, polsk og tsjekkisk. Verøyvik var ikkje i tvil om at ho ville vere med på å skrive om Sunnfjord.

– Det var veldig kjekt, det er her eg har røtene mine, seier ho.

Atten røyster

  • Jorunn Torsheim: Ete fysst
  • Heidi Hattestein: Sunnfjord er ein ganske patriotisk plass
  • Fridtjov Urdal: Den adopterte
  • Gunnar Staalesen: Ein bit av Sunnfjord i oss alle
  • Marita Liabø: Med utsikt mot vegen ut
  • Vidar Nupen: Den nye omnen
  • Terje Hellesen: Haiku for ein by
  • Agnete Haaland: Tag fjorten Ægg
  • Hans Sande: Julefeiring på Mars
  • Rune Timberlid: Fjorden i mitt hjarte
  • Katrine Sele: Eg var der, men du var ein annan plass
  • Eldrid Lunden: Mitt Sunnfjord
  • Ronny Brede Aase: På veg heimatt
  • Idun Losnegård: Haikaren ved Heilevang
  • Sissel Verøyvik: Med røtene i havgapet
  • Gunnar Garfors: Vi sunnfjordingar
  • Maria Tryti Vennerød: Framande som kjem heim
  • Ole Johannes Øvretveit: Rekneskap for eit liv

Artikkeltags