Litauisk varebil hadde alvorlege sprekker i tilhengjarfestet. – Hadde truleg brotna av på turen vidare

ALVORLEG: Slik såg det ut under ein av dei kontrollerte varebilane. Her hadde tilhengarfestet alvorlege sprekker på begge sider.

ALVORLEG: Slik såg det ut under ein av dei kontrollerte varebilane. Her hadde tilhengarfestet alvorlege sprekker på begge sider. Foto:

– Sannsynlegvis hadde tilhengjardraget komme til å brotna frå ramma på køyreturen vidare til Bergen, viss ikkje vedkommande hadde blitt stoppa, seier Vegvesenet om ein varebil dei stoppa i Lærdal søndag.

DEL

Søndag hadde Statens vegvesen vekt- og dekkskontroll på Håbakken stasjon i Lærdal. Av desse vart 15 vinka ut til vidare kontroll. Fem av desse hadde så grove feil og manglar at dei fekk bruksforbod.

Den grovaste feilen fann dei hjå ein litauisk lastebil. Den viste seg å ha svært alvorlege sprekker, på begge sider av festet til tilhengerdraget.

Denne føraren vart politimeld for å sende ein trafikkfarleg hengar ut på vegen og for dårleg vedlikehald. Hengaren måtte han parkere. Vedkommande hadde heller ikkje gyldig bombrikke, noko som vart løna med eit gebyr på 8000 kroner.

Ein norsk og ein nederlandsk transportør fekk gebyr for overlast, og føraren av ein norsk varebil vart politimeld for overlast både på teknisk akselvekt og på totalvekt.

Totalt hadde Vegvesenet 116 køyretøy inne for vekt- og dekkskontroll. Åtte hadde skriftlege manglar, fem fekk bruksforbod og to førarar vart politimelde.


Artikkeltags